|
ARBEIDSERFARING
Kristin Mulders -mezzosopran- vaks opp i Norheimsund, og tok ikkje sangtimar før ho som 19 åring starta sine studiar i klaver og sang ved Wartburg College i Iowa, USA. Etter avlagde eksamenar i begge disiplinar, heldt ho fram sangstudiane i Bergen og heldt sin avsluttande hovudfagseksamen i utøvande sang ved Griegakademiet, Institutt for musikk i 2004.
Med base som frilans-sanger i København, arbeider Mulders med eit svært allsidig repertoar, som spenner heilt frå middelalderen til nyskriven moderne klassisk musikk, og opptrer regelmessig med talrike tidligmusikk-, barokk-og kammermusikkensemble. Berre det seinaste året inkluderer opptredenar på internasjonale scener som Mostly Mozart Festival på Lincoln Center i New York, Edinburgh Festival, Auditorio Nacional de Música i Madrid, Oslo Kammermusikkfestival, Budapest Spring Festival og Festival Internacional Cervantino i Mexico.
Ho er aktuell med forestillinga "Sangerinden" for Rikskonsertene i Noreg, CD-innspeling på Lawo-Records med ensemblet Currentes, opptreden på Festspillene i Bergen med samme gruppe, og debuterer i 2012 som Dido og Sorceress i Purcells opera Dido and Aeneas på Copenhagen Operafestival, saman med Concerto Copenhagen under leiing av Andrew Lawrence King. Mulders er også fast medlem av det Grammy-vinnande vokalensemblet Ars Nova Copenhagen under dirigent Paul Hillier.
I seinare tid har ho motteke ei rekke stipend, m.a. Hordaland Fylkeskommune sitt kunstnerstipend, Bergen Kommunes etableringsstipend, og Hardangerlokk sitt artist in residence i Berlin.
|
CURRICULUM VITAE
Mezzosopran
Kristin Mulders
Poppelgade 6, 3.tv
2200 København N - Danmark
Tlf.mobil: +45 42 75 74 99/ +47 97 666 059
kristin@mulders.no
Arb.erfaring Utdrag: Verdis Requiem med Savannah Phil.Orchestra/USA, Solist med Ensemble San Felice og Currentes/Håkonshallen Bergen, Griegs Haugtussa i Troldsalen/Bergen med Knut Chr.Jansson i Troldhaugens sommerkonsertserie, altsolist i Bachs Johannespasjon/Bergen Domkirke, Bach-kantatekonserter med Bergen Bachsolister, turné med pianist Knut Chr.Jansson og fløytist Bjørnar Habbestad i Rotterdam/Amsterdam des.08, konsertar i Tromsø med Bachs Juleoratorium, turné med ensemblet Currentes i Norge og Tsjekkia i Juli 08, opptreden og urframføring for Hauge/Tveitt-jubileet i New York med pianist Torgeir Kinne Solsvik og Mika Pohjola i mai 08, ei rekke konsertar med Knut Chr. Jansson t.d. under Grieg September Festival 07 i Bergen, samt USA-turné med konsertar i New York og Washington DC. Medstuderende rolle i Carmen med Den Nye Opera og BFO under leiing av maestro Andrew Litton, Solist i Mendelssohn-oratoriet Elijah i Savannah, USA, Skulekonsertar for DKS i Sunnhordland med Trio Femine , konsert i Gamle Logen i Oslo under Oslo Operafestival, leiar på skuleprosjekt ”Vi komponerer,vi!” i regi av BiT20 og Rikskonsertene, konsertserie og turné med barokkensemblet Musica Celines.
Generelt: Solist med m.a. Bergen Filharmoniske Orkester og kor, Savannah Sinfonietta, Stavanger Domkor, Collegiûm Mûsicum kor og orkester, Bergen Bach-solister, Tromsø Kammerkor, Gloppen Musikkfest-festivalorkester med dir. Peter Schreier, Voci Nobili og Forsvarets Musikkorps Vestlandet. Konsertar i Troldhaugens sommarkonsertserie i 2006-07, samt ei rekke sommarkonsertar i Bjergsted Stavanger og Korskirken i Bergen. Nytta mykje som solist i kyrkjemusikalske oppsetjingar. Har sunge for TV2 og NRK radio/tv ved fleire høve, jobba for Kulturentusiastene i Oslo, initiativtakar til ”Trio Femine”, med sopran Hilde Veslemøy Hagen og pianist Irene Simonsen. Samarbeider med Mika Pohjola - pianist og komponist i N.Y. og er med på CD produksjonen ”Yultide Voices”. Pohjola skreiv bestillingsverk med Olav H.Hauge-tekstar for Mulders i høve Hauge/Tveitt Jubileet i 2008. Solist på Voci Nobilis CD ”Our song is done” saman med Geir Botnen. Jobbar for BIT20/Rikskonsertene på ulike skuleprosjekt i Hordaland, og er med i Den Nye Operas kor/vokalensemble.
Stipend Berlin Artist in Residence/Hardangerlokk, Hordaland Fylkeskommunes Kunstnerstipend, Fond for Lyd og Bilde, Eckbos Legater, Bergen Kommunes Etableringsstipend, Ole Bulls Fond, O.Kavlis og Knut Kavlis Almennyttige fond, Libresse Jentefond, Augusta Antonette Mohrs legat, De Unges Forbunds legat, Stipendiefond for kvinnelige studenter, Kvam Herads Kulturstipend, Fond for utøvende kunstnere, Fridtjof Sundt’s Legat, L.Ruppe International Scholarship og Lånekassens gebyrstipend for musikkstudiar i USA
Utdanning Griegakademiet, Institutt for musikk
2002-2004: Utøvande hovudfag i sang. Pedagog: Hilde Haraldsen Sveen
2000-2002: Praktisk pedagogisk utdanning i musikk
1999-2002: Grunnutdanning/Bachelorgrad i musikk, med sang som hovudinstrument. Pedagog: Harald Bjørkøy/Hilde H. Sveen
Wartburg College, Iowa/USA
Haust 1998: Junior year, vocal performance med Ms. Lisa Cellucci.
1997-1998: Sophomore year, vocal performance / piano studies, samt språk- og korstudiar.
Slovakia/USA/Norge
2003-2009: Er i dag elev av professor Eva Blahová i Bratislava. Har hatt fleire studieopphald i N.Y. og tatt privattimar ved Manhattan School of Music med Ms. Joan Patenaude-Yarnell, operacoach Jeffrey Goldberg og John Lidal. I Norge: timar med operasolist ved Den Norske Opera og Ballett, Ingebjørg Kosmo.
Masterclass Eva Blahova, Elena Obrazova, Peter Schreier, Jobba privat med grammy-belønna komponist William Bolcom i Ann Arbor mars 2007. Elisabeth Norberg-Schulz, Håkan Hagegård, Elisabeth Söderström, Njål Sparbo, Robert Levin, Malcolm Bilson, Susanna Eken, samt deltatt på Nordisk Liedseminarium i Åbo, Finland. Ein månads studieopphald i Italia under hovudfaget, m.a. på Casa di Rossini i Pesaro med Rossini-ekspert Philip Gossett som mentor.
|